Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Dersom mistankane til Havarikommisjonen om trøyttleiksbrot i hovudgirboksen stemmer, kunne ikkje feilen ha blitt oppdaga under vanleg service. Det opplyser CHC Helikopterservice.
npk@npk.no
Publisert: 02.06.2016 kl 10:48
Informasjonen om trøyttleiksbrotet i helikopteret som styrta ved Turøy i april, kjem fram i ein førebels rapport frå Statens havarikommisjon for transport (SHT) som vart lagt fram onsdag.
Til Stavanger Aftenblad opplyser administrerande direktør Arne Roland i CHC Helikopterservice at feilen skjedde på ein stad som ikkje blir sjekka under service hos operatøren.
– Dette er normalt ikkje operatørane sitt ansvar. Delen er i eit lukka område og er ikkje noko vi handterer vedlikehald på, seier Roland, som understrekar at han ikkje er ute etter å fordele skuld.
– Granskinga må få lov til å fortsette. Vi er nøgde med framdrifta og at det blir gjort eit så godt og grundig arbeid, seier han.
Direktør William J. Bertheussen i SHT sa til Aftenposten onsdag at kommisjonen er «ganske sikre på at vi er inne på ein av årsaksfaktorane og ein viktig ein».
Ifølgje Teknisk Ukeblad er feilen som SHT peikar på, den same som førte til eit havari i april 2009 då eit Super Puma-helikopter havarerte utanfor Skottland. 16 personar omkom i den ulykka. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.