Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Eit helikopter frå CHC Helikopter Service med 14 passasjerar og to pilotar om bord måtte fredag formiddag gjera ei uplanlagt landing på ei plattform i Nordsjøen.
npk@npk.no
Publisert: 10.06.2016 kl 15:35
Sist oppdatert: 10.06.2016 kl 18:09
– Det gjorde ei «føre var»-landing på Ula-plattforma. Landinga skjedde som ei følgje av at pilotane fekk varsel om lågt oljetrykk, seier CHC-pressekontakt Elisabeth Skarsbø Moen til VG.
Helikopteret var undervegs til Sola etter å ha vore på Ekofisk då det kom ein indikasjon på at noko var feil med oljetrykket, får NTB opplyst. Varselet førte til at helikopteret måtte landa på Ula-plattforma.
Helikopteret av typen Sikorsky S-92 står framleis på plattforma medan det ventar på tekniske undersøkingar. Mannskapet blir tekne vare på på staden.
– Indikatorlampen som lyste, indikerer at noko er feil, men vi veit ikkje kva. Teknikarar er no på veg til Ula for å kontrollera maskinen, seier Moen til NTB.
Passasjerane og mannskapet på helikopteret må vera på Ekofisk til teknikarane er ferdige med arbeidet sitt. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.