Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Helikopterserviceselskapet CHC får ta opp att flygingane sine etter at dei måtte setje helikoptera på bakken då dagleg leiar i selskapet sa opp stillinga.
dag.kjorholt@ntb.no/kari.hamre@npk.no
Publisert: 21.09.2022 kl 13:14
– Vi kan stadfeste at vi har gitt CHC godkjenning om ny dagleg leiar, og at dei kan setje i verk dei kommersielle operasjonane sin igjen frå klokka 12, seier Luftfartstilsynets direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt, Håvard Vikheim til Stavanger Aftenblad.
– Det betyr at saka er avslutta frå vår side. Ny dagleg leiar er godkjent, og vi har fått den dokumentasjonen vi treng, legg han til.
NRK omtalte saka først.
Det var tysdag det vart kjend at helikopterselskapet, som fraktar arbeidarar til og frå oljeplattformer i Nordsjøen, ikkje får flyge etter at dagleg leiar i selskapet Per Andre Rykhus trekte seg frå stillinga si måndag. Grunnen til at helikoptera vart sette på bakken var at Luftfartstilsynet må ha godkjent dagleg leiar i selskapet for at dei skal kunne flyge.
No er Dag Johan Sætre godkjent som den nye daglege leiaren i selskapet.
(©NPK)
CHC-helikoptera får fly igjen. Foto: Emil Breistein / NTB / NPK
Artikkelen fortsetter etter annonsen.