Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): José Mourinho er framleis ikkje presentert som manager for Manchester United. Ifølgje BBC dreier diskusjonane seg no om varemerket «José Mourinho», som Chelsea framleis eig.
npk@npk.no
Publisert: 25.05.2016 kl 20:02
Ifølgje BBC må truleg Manchester United ut med eit sekssifra beløp i pund for å overta desse spesielle rettane. Men dette temaet vil neppe hindre at portugisaren blir presentert som Manchester United-manager i veka.
Forhandlingane har halde på for tredje dagen, og å få den 53 år gamle Mourinho til Old Trafford er ei relativt komplisert affære. Mourinho fortalde til det ventande pressekorpset utanfor hans heim i London onsdag at han var på veg til Portugal.
Ifølgje idrettsadvokaten Carol Couse er det ganske uvanleg at ein person ikkje eig varemerket for sitt eige namn.
– Chelsea kan no ta betalt kvar gong nokon brukar Mourinhos namn. Det kan hindre United i å utnytte hans signatur til fulle, seier Couse til BBC.
– United vil ikkje berre sikre seg Mourinhos image, mens også hans namn. Om United vil ha eit klesmerke med Mourinhos namn så ville det vere i strid med varemerket Chelsea i dag eig, seier ho.
Det er fire moglegheiter for å løyse problemet, ifølgje advokaten. United kan avstå frå å bruke namnet til marknadsføring, United kan betale Chelsea for ein lisens slik at ein kan bruke namnet, United kan be Mourinho om å kjøpe tilbake varemerket sitt, eller United kan utfordre varemerket ved å prøve å bevise at det ikkje er blitt brukt av Chelsea.
Mourinho har leidd Inter og Real Madrid etter at han første gong var i Chelsea. Dei klubbane har enten kjøpt rettane frå Chelsea eller unngått å bruke namnet hans kommersielt. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.