Klargjør siden...

CIA: Angrepsevna til IS er ikkje svekt

(NPK-NTB-AFP): Den ytterleggåande islamistgruppa IS har lidd store tap i Syria og Irak den siste tida, men har framleis evne til å gjennomføre angrep verda over, åtvarar CIA-sjef John Brennan.

– Trass i all framgang vi har hatt i kampen mot IS, både på slagmarka og i å svekkje dei økonomisk, så har ikkje innsatsen vår redusert terrorkapasiteten og den globale rekkjevidda til gruppa, seier den amerikanske etterretningssjefen.

Brennan er dermed av same oppfatning som FNs politiske sjef Jeffrey Feltman, som førre veke konkluderte med at IS verken er strategisk eller varig svekt.

– Trusselen frå IS er framleis stor, sa Feltman, som blant anna viste til at straumen av våpen og ammunisjon held fram til dei IS-kontrollerte områda.

At IS no lir tap i Syria og Irak, kan føre til at mange framandkrigarar vender heim til sine eigne eller andre land, blant dei Libya, og at dei kan utgjere ein terrorfare der, åtvara han. (©NPK)

Annonse