Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AP): CIA har ikkje funne noko hopehav mellom Orlando-drapsmannen og utanlandske terrororganisasjonar, opplyser direktør John Brennan.
npk@npk.no
Publisert: 16.06.2016 kl 18:38
Omar Mateen skaut og drap minst 49 menneske og såra over 50 andre da han sist helg gjekk til angrep på nattklubben Pulse, ein utestad for homofile og andre LHBT-personar.
CIA-direktøren sa i ei høyring i etterretningskomiteen i det amerikanske Senatet torsdag at ekstremistgruppa IS kjem til å halde fram med å inspirere til såkalla einsam-ulv-angrep.
Amerikanaren Mateen, som hadde afghanske røter, erklærte truskap til IS under ein samtale med nødsentralen under massakren. Men han snakka òg varmt om Syria-fløya til al-Qaida, som kjempar mot IS i Syria.
Brennan seier han har sett i Orlando, San Bernardino og andre stader at IS prøver å inspirere tilhengarar til å utføre angrep utan at gjerningspersonane har noka direkte tilknyting til IS.
CIA deler etterretningsinformasjon med FBI for å prøve å identifisere moglege einslege angriparar, men CIAs ansvar er å samle informasjon om operasjonar utanfor USA, poengterer Brennan. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.