City presenterte Haaland – 22 år etter faren: – Har alt vi ønskjer

Erling Braut Haaland er offisielt Manchester City-spelar. Klubben stadfesta signeringa måndag på same dato som faren Alfie Haaland i 2000.

Dermed er ein av dei mest venta signeringane for sommaren klar. Det vart allereie 10. mai klart at Manchester City hadde kjøpt jærbuen ut av kontrakten med Borussia Dortmund, men ei offisiell stadfesting har late vente på seg.

– Dette er ein stolt dag for meg og familien, seier Haaland til nettsidene til klubben.

Haalands kontrakt strekkjer seg til 2027. Faren Alfie Haaland signerte sjølv for Manchester City 13. juni for 22 år sidan.

– Eg har alltid sett på City og har elska å gjere det dei siste sesongane. Du kan ikkje anna enn å beundre spelestilen deira, han er spennande, og dei skaper mange sjansar, som er perfekt for ein spelar som meg, seier Haaland.

– Alt vi ønskjer i ein spiss

Haaland har ikkje ønskt å uttale seg om overgangen før det vart klart. Han var taus om temaet på pressekonferansen under den nylege landslagssamlinga og har ytra få ord i pressesona etter kampane.

Derimot har Manchester Citys styreformann Khaldoon Al Mubarak i eit intervju på nettsidene til klubben kalla Haaland «veldig unik», og at dei lyseblå truleg får «ein av dei beste midtspissane i verda» i den norske 21-åringen.

– Erling har alt vi ønskjer i ein spiss, og vi er sikre på at han vil utmerke seg i denne troppen og dette systemet, seier fotballdirektør Txiki Begiristain.

Haaland skåra søndag sitt 20. mål for Noreg og tok totalen sin opp til 42 mål på 39 kampar i alle turneringar denne sesongen. Av desse har 13 komme på ni kampar med landslaget.

Oppkøyring i USA

Neste sesong vil han vere i posisjon til å halde fram målfesten når han sluttar seg til eit av dei beste laga i verda. City er regjerande Premier League-meister, men dei har i dei siste åra mangla ein konsekvent spiss. Sergio Agüero forlét i fjor sommar klubben etter nokre år utan den store leveringa.

Den førre sesongen har Gabriel Jesus vist seg frå ei betre side enn før, men det skal likevel ikkje ha halde for klubbleiinga. Brasilianaren er dessutan rykta bort frå klubben.

– Eg ønskjer å skåre mål, vinne trofé og forbetre meg som fotballspelar, og eg er sikker på at eg kan gjere det her. Dette er ein bra overgang for meg, og eg kan ikkje vente med å komme i gang i pre-season, seier jærbuen.

City spelar den første oppkøyringskampen sin for neste sesong 21. juli mot mexicanske Club América i USA. Deretter ventar Haalands gamle Dortmund-rival Bayern München tre dagar seinare.

(©NPK)

Erling Braut Haaland vart måndag presentert som Manchester City-spelar.
Foto: Javad Parsa / NTB

Annonse