Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AP): Både Hillary Clinton og Donald Trump har avlyst dei politiske arrangementa sine fredag i kjølvatnet av drapa på politimennene i Dallas.
npk@npk.no
Publisert: 08.07.2016 kl 17:18
Fem politimenn vart fredag drepne i angrepet under ein protestmarsj mot politivald i Dallas torsdag kveld.
Trump, som hadde planlagt eit valmøte i Miami fredag, har sendt ut ei fråsegn der han kallar drapa for «eit koordinert og overlagt angrep». Han skriv også at politidrapa på to afroamerikanarar den siste tida viser «kor mykje som må gjerast» for å rette opp tilliten folk har til ordensmakta.
Clinton har på si side utsett eit valmøte i Pennsylvania, men vil framleis dra til Philadelphia for å gjennomføre ei planlagt deltaking på eit metodistmøte.
Det er andre gong dei to presidentkandidatane har måtta snu om på valkampplanane sine på grunn av valdsepisodar. Både Clinton og Trump avlyste fleire arrangement etter angrepet mot ein homsebar i Orlando.
Også sju politifolk og to sivile vart såra i angrepet i Dallas. Ein mistenkt gjerningsmann er drepen av politiet, medan tre andre personar er arresterte. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.