Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AP): Hillary Clinton har problem med å finne ut korleis ho kan nå fram til unge veljarar som har vore iherdige støttespelarar av Bernie Sanders.
npk@npk.no
Publisert: 12.07.2016 kl 15:57
Clinton prøver nå å finne ut korleis ho kan sikre seg røystene til dei same veljarane som to gonger bringa Barack Obama til Det kvite hus, blant dei mange unge menneske.
Ei ny meiningsmåling frå GenForward viser at veljarar i alderen 18– 30 år har varierande haldningar til Clinton. Oppslutninga varierer både med rase og etnisitet.
Eit fleirtal blant unge svarte og amerikanarar med asiatiske røter har eit godt inntrykk av Clinton, men ho strever med å få tillit blant kvite amerikanarar og dei med latinamerikansk bakgrunn.
Kun 26 prosent av unge kvite og 49 prosent av unge med latinamerikansk bakgrunn har ei positiv haldning til Clinton. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.