Klargjør siden...

Clinton: Trump kan kaste USA ut i ny resesjon

(NPK-NTB-AP): Donald Trump kjem til å sende USAs økonomi ut i ein ny resesjon dersom han blir president, ifølgje Hillary Clinton.

Presidentkandidaten til Demokratane gjekk laus på den økonomiske kompetansen til eigedomsmilliardæren i ein tale i Columbus i delstaten Ohio tysdag.

– Akkurat slik han ikkje bør ha fingeren sin på atomknappen, bør han ikkje ha økonomien vår i sine hender, sa Clinton om den republikanske rivalen.

Ho hevda at økonomar frå alle politiske ideologiar er einige om at planane til Trump kan få katastrofale følgjer. Dei som kjem til å bli ramma hardast av Trumps økonomiske politikk, er dei same amerikanarane som sleit mest med følgjene av krisa i 2008, meiner Clinton.

Ho framstilte forretningsmannen som ein bedragar og skulda han for å svindle kundar og andre forretningspartnarar.

Trump nølte ikkje med å slå tilbake og svarte på kritikken via Twitter under talen.

– Korleis kan Hillary styre økonomien når ho ikkje ein gong kan sende e-postar utan å setje heile nasjonen i fare? spurde Trump og viste tilsynelatande til at Clinton brukte ein eigen e-postserver mens ho var utanriksminister.

Republikanaren varsla tysdag at han onsdag skal halde ein tale om Clintons «mislykka politikk og dårlege dømmekraft». (©NPK)

Annonse