Klargjør siden...

CNN: Pelosi kasta ut av Kongress-kontoret av den fungerande speakeren til republikanarane

Patrick McHenry, som er utpeika som fungerande speaker i Representanthuset, har kasta Nancy Pelosi ut av Kongress-kontoret, ifølgje CNN.

Republikanaren McHenry vart utpeika til vervet etter den historiske avsetjinga av Kevin McCarthy måndag. Han måtte gå etter at eit mistillitsforslag reist av ein annan republikanar, Florida-representanten Matt Gaetz, fekk fleirtal.

Den amerikanske nyheitskanalen melder at McHenrys kontor tysdag sende ein e-post til Pelosis kontor om at kontoret til sistnemnde i Kongressbygningen måtte tømmast, fordi det skal brukast som kontor av den fungerande speakeren. Pelosi var i ei årrekkje speaker då Demokratane hadde fleirtalet i forsamlinga.

Pelosi beheld det vanlege kontoret sitt i Cannon Office-bygningen, heiter det i CNNs melding.

– Med alle dei viktige avgjerdene den nye republikanske leiinga må ta hand om, og som vi ventar ivrig på, er eitt av dei første tiltaka den mellombelse speakeren set i verk, å beordre meg til å forlate kontoret i Kongressen omgåande, skriv Pelosi. Ho føyer til at ho er i California i samband med kongresskollega Dianne Feinsteins dødsfall og derfor ikkje kan rydde lokalet sjølv.

Pelosi omtaler utkastinga som «eit skarpt avvik frå tradisjonen» og føyer til at ho gav forgjengaren sin, republikanaren Dennis Hastert, stor kontorplass så lenge han ønskte det.

Også demokraten Steny Hoyer skal ha vorte sparka ut frå eit kontor han hadde i kongressbygningen, opplyser kontoret hans til CNN.

(©NPK)

Tidlegare speaker i Representanthuset, demokraten Nancy Pelosi, er blitt kasta ut frå sitt kontor i kongressbygninga av fungerande speaker Patrick McHenry, melder CNN. Bildet er teke under avstemminga om eit mellombels budsjett i førre veke. Foto: Scott Applewhite / AP / NTB

Annonse