Klargjør siden...

Colombia legaliserer marihuana

(NPK-NTB-AFP): Colombia legaliserer dyrking, foredling, import og eksport av marihuana til medisinsk bruk, opplyser president Juan Manuel Santos.

Medisinsk marihuana har i praksis vore lov i Colombia sidan 1986, men har vore i ei juridisk gråsone. Manglande regelverk har hindra større produksjon.

– Colombia er no heilt i front når det gjeld utnytting av naturressursar for å overvinne sjukdom, seier Santos.

Uruguay legaliserte marihuana til medisinsk bruk i 2013, og i Chile og Mexico går det no føre seg ein diskusjon om å gjere det same.

Colombia er ein av dei største produsentane i verda av ulovlege narkotiske stoff, først og fremst kokain.

I fjor vart det ifølgje FN produsert 442 tonn kokain i Colombia, ein auke på 52 prosent frå året før. (©NPK)

Annonse