Annonse

Comey: Trump lyg og undergrev rettssystemet

Den tidlegare FBI-sjefen James Comey gav president Donald Trump og republikanarar huda full etter at han stilte til ny høyring i Kongressen måndag.

Ordkrigen når nye høgder når James Comey no forklarer seg om russlandsgranskinga, som han seier i utgangspunktet var retta mot fire amerikanarar, og at president Donald Trump ikkje var ein av dei.

Dåverande FBI-sjef Comey vart avsett av Trump i mai 2017, kort tid etter at han for første gong stadfesta at FBI etterforska Russland for innblanding i valet og dei påstått sambanda mellom russarane og Trumps medarbeidarar.

- FBIs rykte har fått eit skot for baugen fordi USAs president og medhjelparane hans konstant lyg. Stilt overfor dei løgnene er det mange skikkelege folk som trur på det tullpratet, sa Comey til pressa utanfor lokala i Senatet måndag.

Republikanske politikarar fekk òg passa påskrivne.

- Folk som veit betre, inkludert republikanske medlemmer av denne forsamlinga, er nøydde til å ha mot nok til å reise seg og seie sanninga, sa Comey.

Utsegnene kom etter ein ny runde med anti-FBI-meldingar på Twitter i kjend stil frå president Trump, som i ei veke har hevda at FBI har misbrukt mandatet sitt i etterforskinga av den personlege advokaten hans Michael Cohen og tidlegare nasjonale sikkerheitsrådgjevar Michael Flynn.

Cohen og Flynn har begge innrømt lovbrot og har tilbode informasjon om den tidlegare sjefen sin. Cohen vart tidlegare denne veka dømt til tre års fengsel. Flynn vil få dommen sin tysdag.

(©NPK)

Tidlegare sjef i FBI James Comey gjekk hardt ut mot president Donald Trump og republikanske medlemmer av Senatet framfor reporterar måndag. Foto: J. Scott Applewhite / AP / NTB scanpix