Klargjør siden...
Annonse

Conte forsvarar Tottenham-stjerne: Ville gifta bort dotter mi til han

Tottenham-manager Antonio Conte tek formsvake Son Heung-min i forsvar og seier han gjerne ville gifta bort dotter si til den sørkoreanske fotballstjerna.

Son har slite i Premier League-innleiinga og står utan skåringar etter fire kampar. I 2-0-sigeren mot Nottingham søndag heldt trenden fram.

Manager Conte tek likevel 30-åringen i forsvar.

– Han er ein verkeleg fornuftig fyr og ein topp mann. Viss eg skal komme med eit døme; Dersom eg måtte finne ein mann til dotter mi, vil eg gjerne at det blir ein person som han, seier italienaren.

Samtidig antydar han at Son er frustrert etter dei fire første kampane i sesongen.

– Akkurat no lid han kanskje fordi han ikkje skårar. Men han må halde fram på same måte og stole på seg sjølv, for han kjem til målsjansar i kvar einaste kamp. Då må han behalde roa, seier Tottenham-sjefen.

Førre sesong enda Son opp med å dele toppskårartittelen i Premier League med Liverpools Mohamed Salah. Dei enda begge på 23 fulltreffarar.

Tottenhams neste kamp er mot West Ham onsdag.

(©NPK)

Son Heung-min er så langt mållaus i Premier League. Foto: Rui Vieira / AP / NTB

Annonse