Annonse

Coolen Rooney vann i retten mot Rebekah Vardy

Coolen Rooney skulda Rebekah Vardy for å leke personleg informasjon til britisk presse i 2019. Sistnemnde gjekk rettens veg, men fekk ikkje medhald i saka.

Det skriv Sky Sport.

Årsaka til rettssaka stammar tilbake til 2019 då kona til Wayne Rooney, Coleen Rooney, hevda at Rebekah Vardy, som er kona til Leicester-stjerna Jamie Vardy, hadde leke personleg informasjon om henne til engelske The Sun.

Ho starta si eiga etterforsking av kven som kunne vere personen som hadde leke informasjon om henne til avisa. Mellom anna blokkerte ho alle utanom éin mistenkt konto frå å sjå oppdateringane hennar på Instagram i ein periode.

Deretter byrja Rooney å leggje ut falske historier for å sjå om dei hamna hos The Sun. Mellom anna ein post om at kjellaren hennar var overfløymd.

Historia hamna på trykk i The Sun, og den einaste personen som hadde sett alle originalpostane var, ifølgje Rooney, Rebekah Vardy.

Vardy tok Rooney til retten tidlegare i år etter at ho meinte at saka hadde gjort «alvorleg skade på omdømmet hennar».

Fredag vart derimot dommen klar, og Vardy fekk ikkje medhald i saka.

(©NPK)