Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Brasil blir vertsland for neste utgåve av Copa America i fotball i 2019. Det offentleggjorde Det søramerikanske fotballforbundet onsdag.
npk@npk.no
Publisert: 08.06.2016 kl 16:10
Det blir femte gong Brasil arrangerer den kontinentale meisterskapen. Brasil vann på heimebane både i 1919, 1922, 1949 og 1989. Til saman har Brasil åtte sigrar i turneringa, medan Uruguay har 15 og Argentina 14.
I VM er Brasil best av alle nasjonar med fem titlar, men der har ikkje nasjonen lykkast på heimebane. Det vart sølv i 1950 og fjerdeplass i 2014.
I år vert Copa America arrangert utanfor Sør-Amerika. I høve hundreårsjubileet til turneringa vert «Copa Centenario» arrangert i USA med fleire deltakarar frå Nord- og Mellom-Amerika og Karibia. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.