Annonse

Corbyn fremmar mistillitsforslag mot May

Labours partileiar Jeremy Corbyn har fremma forslag om mistillit mot statsminister Theresa May, men resultatet blir ikkje bindande.

Corbyns handling blir i all hovudsak omtalt som symbolsk. Forslaget om å halde ei avstemming om mistillit vart lagt fram etter at May kunngjorde at Parlamentet ikkje vil stemme over brexit-avtalen før i veke tre neste år.

Dersom Corbyns forslag får fleirtal i Parlamentet, vil det kunne auke presset på statsminister May ytterlegare. Men til forskjell frå ei mistillitsavstemming mot regjeringa, inneber ei slik avstemming om statsministeren ikkje noko moglegheit for at regjeringa blir felt.

Avstemminga om brexit-avtalen skulle eigentleg ha funne stad i førre veke, men vart utsett i ellevte time då May innsåg at eit stort fleirtal i Underhuset låg an til å stemme mot brexitavtalen som ho har forhandla fram med EU.

(©NPK)

Labours partileiar Jeremy Corbyn i Underhuset. Bildet blei tatt tidlegare i desember. Foto: AP / NTB scanpix