Klargjør siden...

Corbyn sender skuggeminister til Norge

(NPK-NTB): Skuggeminister for Brexit i Labour-partiet kjem til Noreg torsdag i kommande veke for å sjå nærare på korleis vi handterer vårt forhold til EU.

Det opplyser Labour-leiar Jeremy Corbyn i eit intervju med Bloomberg.

– Emily Thornberry vil sjå korleis Noreg handterer å vere EØS-medlem utanfor EU og lære av den norske modellen, opplyste Corbyn i intervjuet der han understrekar at Labour vil presse på for full britisk tilgang til den indre marknaden i EU.

Labour vil ikkje nøye seg med ein handelsavtale, men vil også unngå nokre av dei mest problematiske forpliktingane knytt til den indre marknaden. I ein post-Brexit-avtale med EU vil han unngå dei strenge reglane for statsstøtte, krav om liberalisering og krav om privatisering av offentlege tenester. (©NPK)

Annonse