Klargjør siden...
Annonse

Cricketlegenda Shane Warne er død

Den australske cricketlegenda Shane Warne, rekna som ein av dei beste kastarane nokosinne, døydde fredag i heimen sin i Thailand. Han vart berre 52 år gammal.

Han vart funnen livlaus i heimen sin, og forsøk på gjenoppliving førte ikkje fram. Dødsårsaka er truleg hjartesvikt, ifølgje ei fråsegn på vegner av familien.

Warne var ein av dei store profilane til cricketsporten og vert spesielt hugsa for prestasjonane sine i femdagarslandskampar, såkalla Test-kampar. Han kasta ut 708 motspelarar i slike kampar, eit tal som er overgått berre av srilankiske Muttiah Muralitharan.

Warne vart kåra til ein av dei fem beste cricketspelarar i det 20. hundreåret, ved sida av Donald Bradman, Garfield Sobers, Jack Hobbs og Viv Richards.

Han var kjend både for kasta sine med all tenkjeleg og utenkjeleg skru, og for den fargerike åtferda si utanfor cricketbanen. Han fekk bot for å ha fått pengar frå ein bookmaker, og han vart utestengd i 12 månader etter ei positiv dopingprøve i forkant av VM i 2003.

Warne døydde elles same dag som ei anna australsk cricketlegende. Rod Marsh vart 74 år gammal.

(©NPK)

Shane Warne med Ashes-trofeet etter ein av triumfane sine med Australias cricketlandslag. Legenda døydde fredag, 52 år gammal. Foto: Gareth Copley, PA via AP / NTB

Annonse