Annonse

Curling: Ny siger for Noreg i mixed double-VM

Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten har fått opp farten i mixed double-VM i Östersund. Tysdag vart den fjerde strake sigeren innkassert.

Ekteparet knuste Estland 9–4 og tok med det ein viktig siger i jakta på plass i utslagsrundane. Sigeren vart langt på veg sikra då Skaslien og Nedregotten skaffa seg knallsterke fem poeng i den tredje omgangen. Dei leidde 8–2 med tre omgangar igjen, og estarane gav opp etter den sjuande av åtte.

Det er ti lag i kvar gruppe i Östersund, og gruppevinnaren går rett til semifinale. Dei to neste skal møte lag frå gruppe B i kampar om semifinaleplass. Noreg ligg godt an med fire sigrar og to tap.

Noreg møter topplaga Italia og Sveits tysdag. Gruppespelet går føre seg fram til torsdag, der Noreg avsluttar mot botnlaget Spania.

Skaslien og Nedregotten speler sin første meisterskap saman sidan dei tok sølv i Beijing-OL i 2022.

(©NPK)

Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten tok sin fjerde strake siger i mixed double-VM i curling tysdag. Foto: Christine Olsson / TT / NTB