Annonse

Curlingekteparet med tredje strake siger i mixed double-VM

Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten på den norske laget slo Tyskland 7–4 i den femte kampen i mixed double-VM i curling.

Ekteparet fekk ein tøff start på meisterskapen i Östersund, men har sidan teke tre strake sigrar. Etter 8–2-triumfen over Frankrike tidlegare måndag, slo dei to Tyskland i kveldsøkta. Det norske laget leidde 5–2 etter fire omgangar og mista aldri føringa på vegen mot siger. Dei tok styringa på oppgjeret med tre poeng i den første omgangen.

Det er ti lag i kvar gruppe i Östersund, og gruppevinnaren går rett til semifinalen. Dei to neste skal kjempe mot lag frå gruppe B om semifinaleplass. Med dei to sigrane måndag deler Noreg tredjeplassen med fleire lag.

Noreg møter Estland tysdag. Gruppespelet held fram til torsdag.

Meisterskapen er den første saman for Skaslien og Nedregotten sidan dei tok sølv i Beijing-OL i 2022.

(©NPK)

Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten speler VM i Sverige. Her under OL i Beijing. Foto: Christine Olsson/TT / NTB