Annonse

Cyberangrep kan førebels ha kosta Hydro opptil 350 millionar kroner

Den førebelse evalueringa frå Hydro viser at det økonomiske tapet etter den første heile veka etter cyberangrepet er på rundt 300-350 millionar kroner.

Det meste av dette kjem frå tapte marginar og volum i forretningsområdet Extruded Solutions, skriv Hydro i ei pressemelding. Det dreier seg då om utvikling og produksjon av aluminiumprofil, profilbaserte byggesystem og aluminiumsrøyr der Hydro har marknadsdelar i Europa, Nord-Amerika, Sør-Amerika og Asia.

Samtidig understrekar selskapet at det er for tidleg å kunne gi ei detaljert oversikt over dei finansielle effektane av angrepet. Hydro er forsikra mot cyberangrep.

Hydro er no over i ein gjenopprettingsfase etter angrepet og tilbakefører gradvis IT-systema på ein trygg og sikker måte, heiter det i pressemeldinga. Cyberangrepet er rapportert til Kripos, og Hydro samarbeider òg med relevante styresmakter, mellom anna Nasjonalt tryggingsorgan (NSM).

Ei veke etter angrepet går det meste av produksjonen i Hydro med normal kapasitet. Innan forretningsområda Energy og Bauxite & Alumina er produksjonen normal. Også innan Primary Metal og Rolled Products går produksjonen som normalt, men med høgare grad av manuell drift enn vanleg.

Innan forretningsområdet Extruded Solutions blir det no produsert med 70-80 prosent av kapasiteten, medan det i eininga Building Systems står heilt stille. Hydro håper å kunne auke produksjonen denne veka.

Den første veka etter dataangrepet mot Hydro har selskapet tapt opptil 350 millionar kroner, viser førebelse tal. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB scanpix