Annonse

Dagbladet får nye redaktørar

(NPK-NTB): Geir Ramnefjell blir ny politisk redaktør i Dagbladet, mens Sigrid Nilsen Hvidsten tek over som kulturredaktør og Karine Østtveit går inn i ein ny stilling som redaktør i Magasinet.

– Eg er svært nøgd med det nye redaktørkollegiet, seier Dagbladets sjefredaktør John Arne Markussen.

Han trekkjer spesielt fram at alle dei nye redaktørane er rekrutterte internt.

Geir Ramnefjell (33) blir ny politisk redaktør etter tre år som kulturredaktør. Sigrid Nilsen Hvidsten (38) tek over som kulturredaktør etter å ha vore reporter i Dagbladet i ei årrekkje.

Karine Østtveit (36) har vore utgåvesjef for Magasinet sidan 2014. Ho blir no redaktør for Magasinet. (©NPK)