Klargjør siden...

Dagbladet set punktum for kommentarfeltet

(NPK-NTB): Dagbladet vil om kort tid legge ned alle kommentarfelta på si eiga nettside. I staden skal debatten flyttast til sosiale medium.

Avisa melder torsdag at dei har mål om å nå endå fleire lesarar ved å flytte kommentarfeltet over til sosiale medium. I det ligg også eit tettare samarbeid med Facebook, opplyser ansvarleg redaktør John Arne Markussen.

– At vi stengjer kommentarfelta må sjåast i samanheng med veksten i sosiale medium. Vi har over lengre tid registrert mindre interesse for debatt i kommentarfelta, når vi ser bort frå nokre få, men veldig aktive gjengangarar, seier han til avisa.

Om omtrent to månader skal kommentarfelta på Dagbladet stengjast for godt. Politisk redaktør Geir Ramnefjell seier trekket passar brukarane godt.

– Vi flytter no ressursane. Oppfølging av våre kontoar i sosiale medium er blitt viktigare å prioritere enn kommentarfelta. Aktiviteten der er etter kvart blitt ganske liten samanlikna med det vi ser i sosiale medium, seier Ramnefjell. (©NPK)

Annonse