Klargjør siden...
Annonse

Skodespelar Frøydis Armand er død

Skodespelar Frøydis Armand er død, 73 år gammal, opplyser familien til Dagbladet tysdag.

Armand er mellom anna kjend for Hustruer-filmane frå 1975, 1985 og 1996. Ho hadde også rolla som Dagny i Hotel Cæsar i sesongane 2009–2010.

Gisken Armand, Frøydis' søster, fortel til Dagbladet at ho sovna stille og fredeleg inn natt til tysdag.

Armand er dotter av skodespelar Eilif Armand og forfattar Elisabeth Armand, og søster av skodespelarane Merete og Gisken.

I 1972 debuterte Armand ved Nationaltheatret. Ho har hatt fleire roller i Ibsen-oppsetjingar, blant dei som Regine i Gengangere, Furia i Catilina, Nora i Ein dokkeheim og tittelrolla i Hedda Gabler. Armand spelte også Mor Aase i Koršunovas' versjon av Peer Gynt og Gina Ekdal i Vildanden, for å nemne nokon.

Armand fekk Gösta Ekmans Ærespris i 1977, Per Aabels Ærespris i 2002 og Aase Byes legat i 2007.

Skodespelaren blir hylla av kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap).

– Det er trist å høyre at Frøydis Armand har gått bort. Avtrykket hennar i teaterverda er enormt, rollene hennar så mange og skodespelet hennar så imponerande. Mine tankar går til dei pårørande, seier ho.

Skodespelar Frøydis Armand er død, 73 år gammal. Foto: Berit Roald / NTB

Biletet er frå 1975 av Peer Gynt-oppsetjinga på Nationaltheatrets hovudscene. Vi ser blant andre Knut Wigert (t.v.) og Frøydis Armand. NTB arkivfoto: Henrik Laurvik / NTB

Frøydis Armand vart tildelt Per Aabels ærespris for 2002, og det var juryformannen Wenche Foss som stod for overrekkinga. Foto: Morten Holm / NTB

Annonse