Klargjør siden...
Annonse

Dæhli med siger i U21-comebacket

(NPK-NTB): Det norske U21-landslaget hadde ingen problem med å slå Bulgaria måndag. Ei scoring av Bjørn Inge Utvik og eit sjølvmål gav 2-0-siger.

Mats Møller Dæhli var endeleg tilbake på bana og var frisk i eit offensivt norsk lag i Bulgaria. Kneproblem har halde 21-åringen ute sidan mars i fjor. Måndag kveld kunne han fort komme på scoringslista.

Noreg dominerte privatlandskampen mot Bulgaria og skapte den første sjansen ved Mohamed Elyounoussi etter sju minutt. Avsluttinga frå Molde-angriparen vart redda.

Seks minutt seinare fekk heimelaget si første moglegheit frå kort hald, men vart stoppa av ein beinparade frå Odd-keeper Sondre Rossbach.

Noreg gjekk i leiinga etter 23 minutt på eit hjørnespark der Sogndals Bjørn Inge Utvik banka ballen i mål.

Nemnde Dæhli hadde fleire gode moglegheiter i kampen, men bomma blant anna på eit skot frå fem meter.

Fire minutt før slutt scora Bulgaria eit nærmast komisk sjølvmål då keeper skulle bokse eit hjørnespark, men trefte bakhovudet til ein medspelar før ballen gjekk over målstreken. (©NPK)