Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-TT): Trua til dei svenske veljarane på statsminister Stefan Löfven fell i ei ny meiningsmåling. 30 prosent opplyser no at dei har stor tillit til han.
npk@npk.no
Publisert: 21.12.2015 kl 08:07
Det er det lågaste talet på for ein statsminister på ti år, skriv Dagens Nyheter. Målinga Ipsos har utført for avisa viser at tilliten til statsministeren og Socialdemokraterna-leiaren har gått ned fire prosentpoeng sidan november.
Den dalande tilliten blir forklart med handteringa av flyktningkrisa. Også tilliten til visestatsminister Åsa Romson og utdanningsminister Gustav Fridolin (begge Miljöpartiet) fell i målinga.
Størst tillit har svenskane til Moderaterna-leiaren Anna Kinberg Batra. 37 prosent av dei spurde opplyser at dei har stor tillit til henne. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.