Dale: – Nøydd til å gjere endringar
(NPK-NTB): – Eg trur eg skal sette mitt preg på ting, sa den nye mat- og landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) då han fekk nøkkelen
– Det er heilt fantastisk å overlevere nøkkelen til ein ny sunnmøring. Då veit vi at han er i gode hender, sa Sylvi Listhaug (Frp) då ho overleverte nøkkelen til Dale onsdag.
Jon Georg Dale (Frp), som blir det yngste medlemmen i regjeringa med sine 31 år, sa han er imponert over jobben Listhaug har gjort og at han gledde seg til å ta fatt på arbeidet.
– Eg skal prøve å overta stafettpinnen. Det må eg gjere på min måte. Det blir annleis, men eg trur vi skal klare å vidareføre dei viktige politiske avgjerdene som regjeringa kjem til å ta, sa Dale.
Den nye ministeren sa han håpar å lage ein landbrukspolitikk som peikar mange år framover i tid.
– Eg trur at dersom vi skal ha eit aktivt landbruk i mange år framover er vi nøydd til å gjere endringar. Landbruket har alltid vore i omstilling fordi det har vore nødvendig. Strukturane kjem til å sjå annleis ut om 20 år, samanlikna med i dag. Dei ser annleis ut i dag enn dei gjorde for 20 år sidan. Det arbeidet Sylvi har begynt på er det min jobb å vidareføre, sa Dale, som innrømde han vart overraska då han vart spurd om å bli ny landbruksminister. (©NPK)