Klargjør siden...

Dani Alves forlèt Barcelona

(NPK-NTB): Den spanske fotballklubben Barcelona stadfesta torsdag at forsvarsspelar Dani Alves forlèt klubben.

– Dani Alves har bestemt seg for å byte klubb. Det er ei personleg avgjerd som vi respekterer, sa sportsdirektør Robert Fernández, på ein pressekonferanse torsdag, ifølgje Twitter-kontoen til Barcelona.

– Vi likar ikkje at han forsvinn. Oppførselen hans på og utanfor fotballbanen har vore heilt eksemplarisk, heiter det vidare frå Fernandez.

Barcelona-sjefen avlivar samstundes rykta om at brasilianske Neymar også er på veg bort frå klubben.

– Neymar vil signere ein ny avtale og blir hos oss i mange år framover, sa han.

Football Italia melder at 33 år gamle Dani Alves allereie skal ha signert for Juventus onsdag kveld i Los Angeles, der han og det brasilianske landslaget bur seg til Copa America.

Paris Saint-Germain og Manchester United skal også ha vore interessert i tenestene til forsvarsspelaren, men skal ha kome for seint på banen.

Alves signerte i fjor sommar ein ny toårskontrakt med Barcelona, men skal ha fått med ein klausul som gjev han moglegheita til å forlate klubben gratis allereie i sommar. (©NPK)

Annonse