Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): 33 år gamle Daniel Braaten spelte for Vålerenga i fjor. No er det teikn som tyder på at han kan vere på veg til erkerival Lillestrøm, skriv Nettavisen.
npk@npk.no
Publisert: 08.01.2016 kl 19:30
Sportsdirektøren i LSK, Torgeir Bjarmann, stadfestar at Braaten har vore på trening med romeriksklubben, noko han sjølv bad om. Fredag føremiddag hadde han den første økta si med «kanarifuglane».
– I og med at vi akkurat har starta opp, og han bor i nærleiken, var det enkelt. Runar (Kristinsson) og «Siggi» (LSK-assistent Sigurdur Ragnar Eyjolfsson) kjenner han ikkje så godt, og det er ein fin anledning til at dei kan sjå litt på han, seier Bjarmann til Nettavisen.
Braaten er kontraktslaus etter at avtalen han hadde med Vålerenga blei avslutta 1. januar. No er planen at han skal trene med Lillestrøm også utover i kommande veke.
– Vi tar det litt som det kjem, det er ikkje noko hastverk. Han tok kontakt og lurte på om det var greitt at han kom på trening, og det er det, seier Bjarmann.
Han seier også at den tidlegare landslagsspelaren er god nok. Bjarmann meiner Braaten har både fart og fysikk som held mål, men han seier også at som 33-åring er det naturleg at han er litt av og på.
Lillestrøm er i ein økonomisk situasjon som gjer at klubben berre ser på gratisspelarar denne vinteren. På den måten passar Braaten godt inn i den spelarkategorien LSK leitar i. (©NPK)