Annonse

Danmark: Heilt uaktuelt med russiske utøvarar i OL – sjølv under nøytralt flagg

Danmarks kulturminister Jakob Engel-Schmidt slår fast at ingen russiske utøvarar må få delta i OL i 2024, heller ikkje under nøytralt flagg.

– Det er det offisielle Danmarks haldning – og den personlege haldninga mi som minister – at vi ikkje må vakle i forholdet til Russland. Regjeringas linje er klar: Russland skal stengjast ute frå all internasjonal idrett så lenge angrepet mot Ukraina held fram, seier Engel-Schmidt.

Meldinga kjem i kjølvatnet av at Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) har opna for at russiske og belarusiske utøvarar kan få delta i neste års OL i Paris under særlege vilkår, blant dei at det må skje under nøytralt flagg.

– Det er uforståeleg at det er tvil om denne linja i IOC, seier statsråden.

Torsdag oppmoda dei baltiske landa og Polen dei nordiske landa om å støtte ei oppmoding om at IOC framleis må stengje ute russiske og belarusiske utøvarar.

Den danske kulturministeren reknar det som «ganske sannsynleg» at Danmark vil slutte seg til denne oppmodinga.

Kulturdepartementet i Noreg skreiv i ei melding til NTB torsdag at dei ikkje hadde fått nokon førespurnad frå dei baltiske landa.

«Om eller når vi får den, vil vi vurdere korleis vi vil stille oss til den», skreiv departementet.

(©NPK)

Danmark slår fast at det er uaktuelt med russiske utøvarar i OL i Paris i 2024: Foto: AP/NTB.