Klargjør siden...

Danmark klar til å ruste opp i Arktis

(NPK-NTB-Ritzau): Den danske regjeringa vil bruke eit tresifra millionbeløp på opprusting i Arktis for å møte dei framtidige utfordringane i regionen, skriv Jyllands-Posten.

Pengane skal blant anna brukast på satellittovervaking, betre kommunikasjon, auka nærvær for sjøforsvaret og for første gong skal Grønland får sitt eige heimevern, etter modell av Canadas Rangers. Forslaga kjem fram i ein ny Arktis-analyse som blir lagt fram av forsvarsminister Peter Christensen førstkommande måndag.

Sentrale kjelder seier første trinn av planen skal finansierast med 360 millionar danske kroner i oppsparte middel. Deretter skal det setjast av 120 millionar årleg.

Dansk Folkeparti, De Radikale og Socialdemokraterne gir full støtte til planen og seier det er viktig at Danmark kan handheve suvereniteten i dei arktiske områda og sikre overvaking og beredskap i takt med at skipstrafikken aukar. Forsvarspolitisk talsmann Henrik Dam Kristensen i Socialdemokraterne seier det er avgjerande at det auka militære nærværet ikkje blir sett på som ei opprusting.

Frå russisk side kan det likevel fort bli oppfatta slik, ettersom Arktis er strategisk viktig for Russland, seier Andrej Kortunov i den russiske tenkjetanken Riac.

– Planane vil heilt sikkert ikkje bli ønskt velkommen av russiske leiarar, seier han. (©NPK)

Annonse