Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Dei borgarlege partia i Danmark, med støtte frå Alternativet, har gjeve to uavhengige forskarar i oppdrag å granske landets krigsdeltaking i Kosovo, Irak og Afghanistan.
npk@npk.no
Publisert: 25.05.2016 kl 18:54
Partia i den såkalla Blå blok, regjeringspartiet Venstre og Dansk Folkeparti, Dei Konservative, Liberal Alliance og Kristendemokraterne, inngjekk onsdag ein avtale, og dei fekk støtte frå Alternativet.
Forskarane får no to år på seg til å «kartleggje bakgrunnen for dei politiske avgjerder om dansk deltaking» i dei tre krigane.
Noverande justisminister Søren Pind hevda den kommisjonen blei oppretta for å drive «skittkasting» mot dei borgarlege regjeringane som vedtok å delta i dei to krigane, og noko av det første Venstre gjorde då dei på nytt tok over regjeringskontora, var å leggje ned kommisjonen.
Utgreiinga som no setjast i verk skal i motsetning til den nedlagde granskingskommisjonen ikkje plassere noko juridisk eller folkerettsleg ansvar, understrekar dei borgarlege partia nå.
– Med denne undersøkinga kan vi bli klokare på avgjerder om Danmarks militære engasjement, men utan at det får karakter av at vi forfølgjer enkeltpersonar, seier Søren Pind.
– Vi ønskjer framleis å gjenåpne Irak- og Afghanistankommisjonen, men det er ikkje mogleg med det parlamentariske grunnlaget vi har no. Medan vi ventar på eit nytt fleirtal, som vil gjenåpne kommisjonen, har vi sagt ja til ein utgreiing som kan gjere oss klokare, seier René Gade i Alternativet.
– Dei sviktar fleirtalet som ønskjer openheit. Vi har behov for å få avklart det rettslege grunnlaget for Danmarks deltaking i Irak-krigen, og ikkje minst korleis danske styrkar har utlevert fangar til tortur og mishandling i Afghanistan og Irak, seier Pernille Skipper i Enhedslisten. (©NPK)