Danmark til angrep mot Fifa – vil ikkje støtte attval av Infantino

Styreleiaren i det danske fotballforbundet, Jesper Møller, skuldar Fifa for å bruke «bøllemetodar» og opnar for å forlate forbundet viss det ikkje endrar seg.

Det sa den danske fotballtoppen onsdag på eit hasteinnkalla pressetreff om situasjonen rundt det omstridde Onelove-kapteinsbindet under Qatar-VM.

Møller er sterkt kritisk til at Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) nektar kapteinar å bruke det mangefarga armbindet i fotball-VM, og han gjorde det klart at danskane ikkje støttar Gianni Infantino som Fifa-president.

– Det er uakseptabelt. Vi er ikkje samde med dei. Eg er skuffa og sint, sa Møller og la til at han meiner Fifa bruker «bøllemetodar» for å nekte markeringar frå VM-laga.

Samtidig gjorde han det klart at det ikkje er aktuelt med nokon markeringar frå spelarane eller laga seinare i meisterskapen.

Avviser Infantino-støtte

Møller heldt fram med å fastslå at DBU ikkje kjem til å støtte sitjande Fifa-president Gianni Infantino når han stiller til attval i 2023.

Infantino haustar mykje kritikk frå enkelte europeiske nasjonar, men har samtidig brei støtte på fleire andre kontinent.

– Det er 211 medlemsnasjonar i Fifa, og Infantino har ei støtteerklæring frå 207 land. Men Danmark er ikkje eit av dei landa. Og vi kjem ikkje til å støtte Infantino, sa Møller.

Han fortalde til og med at det har vore diskutert om ein burde forlate Fifa dersom det ikkje skjer forandringar. Samtidig håpar han på endring før ein kjem til eit slikt steg, skriv Ritzau.

Noreg er også blant dei fire landa som ikkje har underteikna støtteerklæringa til Infantino som stiller til attval utan motkandidatar.

Frykta karantene

Danmark og seks andre VM-land jobbar no iherdig med å utforske kva for nokre juridiske og politiske grep som kan gjerast for å snu Fifas avgjerd i saka. Først måndag, etter at meisterskapen var i gang, bestemde Fifa seg for å gi gult kort dersom ein spelar valde å bruke kapteinsbindet.

– Vi forventa at vi fekk lov til å bere det. Vi var i møte med Fifa 19. november, og det var den klare forståinga vår at vi ville bli sanksjonerte med ei bot, noko vi var klare for, forklarte DBU-direktør Jakob Jensen.

Han forklarte også at Danmark ved fleire høve dei siste månadene har gitt beskjed til Fifa om at dei vil bruke det fleirfarga armbindet, utan å få svar.

Trusselen om sanksjonar var høgst reell, forklarer han.

– Vi har sjekka om det er heimel i reglane for å gi kult kort, og det er det. I artikkel fire i «Laws of the Game» heiter det at ein som ber utstyr som ikkje er tillate, skal sanksjonerast. Det kunne ha vore eit gult kort, ein kaptein som ikkje fekk komme på banen eller karantene.

Jobbar vidare

Forutan Danmark, ønskjer Belgia, England, Nederland, Sveits, Tyskland og Wales å spele med kapteinsbindet, som skal fremje inkludering og vise motstand mot diskriminering.

– Vi må prøve å få avklart nokre ting no, så vi kan komme vidare. No lèt vi Tyskland undersøkje det juridiske, og så er det nokre politiske ting vi skal få avklart, sa Møller.

– Men det som er heilt sikkert, er at spelarane våre skal ha optimale førebuingar. Éin ting er kva eg skal utsetjast for, men de skal la spelarane vere i fred. Elles blir vi sinte. Og det er vi no, sa han i lys av at Danmark-spelarane får mange spørsmål om saka.

Tysklands fotballforbund vurderer, ifølgje avisa Bild, å anke Fifas kapteinsbinds-avgjerd inn for Den internasjonale valdgiftsretten for sport (CAS).

(©NPK)

Danmark ønskte å spele med eit fleirfarga kapteinsbind i VM, men vart trua med sanksjonar av Fifa. Foto: Petr David Josek / AP / NTB

Annonse