Klargjør siden...

Danmark vil forby reiser til Syria

(NPK-NTB-AFP): Regjeringa i Danmark vil forby reiser til Syria og andre konfliktområde der terrorgrupper opererer.

– Det vil ganske enkelt bli forbode å setje sin fot i visse område, seier justisminister Søren Pind.

– På den måten vil vi gjere det lettare å straffe folk som reiser til for eksempel Syria for å slutte seg til eller støtte terrororganisasjonar, seier han.

Dansk politi arresterte torsdag fire menn som er mistenkte for å ha late seg verve av IS i Syria.

Dersom det i tillegg kan bevisast at dei har «late seg rekruttere til å gjere terrorhandlingar» ønskjer regjeringa å heve strafferamma frå seks til ti års fengsel, og for dei som har deltatt i aksjonar og operasjonar, til 16 års fengsel.

Visse yrkesgrupper, som journalistar og dei som jobbar for styresmaktene, kan få unntak frå forbodet.

Socialdemokraterne seier at dei vil støtte lovforslaget, og det same vil Dansk Folkeparti.

Lovforslaget skal leggjast fram for Folketinget ein av dei kommande månadene, og den nye lova kan, dersom ho blir vedtatt, tre i kraft alt 1. juli.

– Dei som ønskjer å kjempe for IS, er ikkje redde for fengselsstraff, seier Tore Hamming ved Universitetet i Firenze.

– Dei har inga tillit til vestlege statsmodellar eller lovene våre, seier Hamming, som er ekspert på militant islamisme.

I alt 125 danske framandkrigarar har sidan 2011 reist til Syria, og 62 har komme tilbake, viser ein ny rapport publisert av Det internasjonale senteret for antiterrorisme i Haag (ICCT). (©NPK)

Annonse