Annonse

Danmarks største havvindpark er opna

Den danske kronprins Frederik opna torsdag Danmarks største havvindpark, Horns Rev 3, som består av 49 vindmøller utanfor vestkysten av Jylland.

Havvindparken skal generere 407 megawatt med straum - nok til å kunne dekke det årlege elforbruket til om lag 425.000 danske husstandar.

Det er anslått at parken vil auke den totale dansken elproduksjonen med nærare 12 prosent.

Berre éi rotering frå éi vindmølle er nok til å lade 1.317 iPhonar, ifølgje danske styresmakter.

Vindmøllene har ei høgde på 187 meter. Kvar enkelt veg 1.500 tonn, inkludert fundamentet dei er bygde på.

(©NPK)