Klargjør siden...

Dansk bistand kan ha komme Taliban til gode

(NPK-NTB-Ritzau): Betydelege danske bistandsmiddel er gått tapt i Afghanistan, fastslår ein ny, dansk rapport. I verste fall kan pengane ha hamna i hendene på Taliban.

– Nokre av våre investeringar i Helmand-provinsen kan ha blitt tapt til Taliban-regimet, innrømmer Danmarks utanriksminister Kristian Jensen overfor nyheitsbyrået Ritzau.

Danmarks rolle i Afghanistan-krigen har kosta over 17 milliardar danske kroner i bistand og militærutgifter. Samtidig lir Afghanistan framleis av fattigdom, mangel på grunnleggjande tryggleik og ein svært svak og korrupt stat, heiter det i ein rapport i tre delar som blir lagt fram torsdag og er kritisk til den danske innsatsen i Afghanistan.

Rundt 500 millionar danske kroner blir framleis sendt kvart år til Afghanistan, trass i at danske pengar har forsvunne gjennom korrupsjon og mislykka prosjekt. Likevel meiner Jensen at Danmark har utgjort ein forskjell i Afghanistan, og at bistanden bør fortsette.

– Vi kan ikkje garantere at det ikkje har vore prosjekt der det er tapt pengar undervegs, men vi kan garantere at vi har solide retningslinjer, overvaking og kontrollorgan, seier utanriksministeren. (©NPK)

Annonse