Dansk grunnbok hacka

(NPK-NTB-Ritzau): Ukjente har hacka seg inn på den danske grunnboka og kopiert ho over på ein utanlandsk dataserver, melder Radio 24syv.

Grunnboka er søkbar og gir enkelt svar på kven som bur kvar, dersom du kjenner adressa. Ho fortel også kor mykje bustaden eventuelt er pantsett for.

Registeret som er hacka og lagt ut på ei ikkje namngitt utanlandsk nettside, er også søkbart på namn. Kjenner ein namnet, får ein opp adressa – også til dei som av ulike grunnar lever på hemmeleg adresse i Danmark.

– Det ser ut som om ein har stole tinglysingsdatabasen og på ein eller annan måte kopiert han, seier Henrik Larsen, som leier den danske avdeling av datasikkerheitsorganisasjonen CERT.

Radio 24syv oppgir ikkje kva nettside den danske grunnboka er lagt ut på, men har søkt opp adressene til fleire kjente danskar som bur på hemmeleg stad, blant dei dei to politikarane Naser Khader og Özlem Cekic.

– Det ser ut til at ein offentleg dansk database er blitt overført til utanfor EU. Det har heilt sikkert skjedd utan den databehandlingsavtalen som persondatalova føreset, seier Larsen. (©NPK)

Annonse