Klargjør siden...

Dansk museum droppar titlar med ordet «neger»

(NPK-NTB-Ritzau): Statens Museum for Kunst i København har valt å endre titlane på 14 kunstverk slik at dei ikkje lenger inneheld ord som «neger» og «hottentott».

Avgjerda har fått kritikk for å vere «uvitskapleg» og «uhistorisk», men no tek museets samlings- og forskingssjef Peter Nørgaard Larsen til motmæle.

Han strekar under at det ikkje er dei originale titlane som er endra, men namn som museet sjølv har gitt verka på bestemte tidspunkt.

– Då det er snakk om tidsbestemte museumstitlar, meiner vi at det er vår oppgåve å gjere dei tidsriktige, slik at dei også gir meining for folk i 2016, seier han og utdjupar:

– Vi anar ikkje kva verka heitte opphavleg. Mange av dei har først fått tittelen sin fleire hundre år etter at dei blei laga, altså først når dei er komne på museum, der nokre museumsinspektørar og kunsthistorikarar har gitt dei ein tittel.

Nørgaard Larsen strekar under at hadde det vore snakk om originale kunstitlar, ville museet ha bevart dei og gjort oppmerksam på at det er snakk om originale titlar. (©NPK)

Annonse