Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-Ritzau): Det danske partiet Alternativet har fått eit søsterparti i Noreg, melder grunnleggjaren av partiet Uffe Elbæk.
npk@npk.no
Publisert: 14.01.2016 kl 10:26
– Eg er spent på korleis dei vil gripe det an, skriv Elbæk på sosiale medium.
Ifølge nettsida Politiko vart det norske partiet stifta på danskebåten etter eit besøk hos Alternativet i København før jul.
– Det er godt å ikkje vere heilt åleine når ein skal stifte eit nytt parti. Alternativet og Uffe Elbæk er svært inspirerande, seier Kay Asbjørn Schjørlien, ein av to politiske leiarar i det norske partiet, til nettstaden.
Alternativet i Noreg har starta med å kopiere Alternativets partiprogram og slutta seg til grunnverdiar som gjennomsiktigheit, openheit, empati og humor.
– Vårt mål er å vere eit Alternativet 2.0 med endå større medlemsdeltaking og endå meir demokrati, seier Schjørlien, som i haust melde seg ut av SV etter 17 år som medlem av partiet.
Alternativet, som vart stifta i 2013, fekk ni mandat i Folketinget etter det danske valet i 2015. (©NPK)