Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Jakob Fuglsang forlèt Astana etter åtte år har no signert for Israel Start Up-Nation. Der blir han lagkamerat med norske Carl Fredrik Hagen.
snorre.schjonberg@ntb.no/bent.tandstad@npk.no
Publisert: 13.10.2021 kl 18:44
Det er det israelske profflaget som stadfestar signeringa på nettsidene sine.
Han får med seg Hugo Houle, som også har signert for laget, inn dørene. Det gler leiaren av laget, finske Kjell Carlström.
«Vi ser alltid på sjansane til å styrke laget, og med desse to inn føler vi at vi har gjort det», seier han til nettsidene til laget.
Danske Fuglsang har hatt ein stor karriere i sykkelsporten. 36-åringen vann sist Vuelta a Andalucia og Il Lombardia i fjor. Han tok OL-sølv i landeveg i Rio i 2016.
Han er sjølv klar på at han har noko å bidra med.
«Eg har framleis store sigrar i meg», seier Fuglsang.
Laget har ein dansk sportsdirektør i Nicki Sørensen.
(©NPK)
Jakob Fuglsang byter ut dei lyseblå fargane før 2022-sesongen. Foto: Olivier Matthys / AP / NTB