Klargjør siden...
Annonse

Dansk tennissensasjon slo verdsfiraren – møter Ruud i kvartfinalen i Paris

Holger Rune (19) sjokkerte greske Stefanos Tsitsipas med 3-1-siger og er vidare til kvartfinalen i prestisjetunge Roland-Garros. Der møter han Casper Ruud.

Den danske 19-åringen vann til slutt kampen 7-5, 3-6, 6-3, 6–4.

I kvartfinalen ventar Casper Ruud, som slo polske Hubert Hurkacz tidlegare måndag. Rune har tapt alle dei tre gongene han har møtt Ruud tidlegare. Sist tap kom i Monte Carlo Masters tidlegare i år. Den turneringa vann nettopp Tsitsipas.

Dansken braut Tsitsipas to gonger i det siste settet, men måtte kjempe for avansementet. Tsitsipas reduserte til 4-5, men Rune takla presset og vann eit langt siste servegame.

Det var ein svært sliten Rune som jubla vilt då avansementet var i boks.

– Eg har ei useieleg kjensle no. Eg var veldig nervøs, men eg visste at eg måtte halde meg til planen for å ha ei moglegheit til å slå han, sa Rune til arrangøren etter kampen.

– Taktikken var å spele så aggressivt som mogleg, sa han.

Rune, som slo 14.-seeda Denis Shapovalov (Canada) i den første runden, lèt seg dermed ikkje stoppe heilt enno. Etter å ha teke seg forbi Henri Laaksonen (Sveits) og franske Hugo Gaston, stod han overfor ein verkeleg tøff kamp måndag.

Han gjekk likevel svært respektlaust til verks og avgjorde kampen etter fire sett. Rune var svært god med backhandslaga langs linja og frustrerte i lange periodar den greske verdsfiraren.

(©NPK)

Danske Holger Rune (19) slo Stefanos Tsitsipas og er klar for kvartfinale i Roland-Garros. Foto: Christophe Ena / AP / NTB

Annonse