Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Ritzau): Ein pensjonert fotograf i Danmark, som tidlegare i år blei dømt for rasisme etter eit Facebook-innlegg om islam, er frifunnen i ankesaka.
npk@npk.no
Publisert: 25.05.2016 kl 14:36
Mannen fekk 1.600 kroner bot av Helsingør byrett, og ein kan vanlegvis ikkje anke bøtedommar, men den danske ankeutvalet valde å gjere eit unntak i dette tilfellet.
Utsegna han blei dømt for var: «Ideologien islam er like avskyvekkjande, motbydeleg, undertrykkjande og menneskefiendtleg som nazismen. Den massive innvandring av islamistar til Danmark er det mest øydeleggjande det danske samfunn har vore utsett for i nyare historisk tid.»
Dommen blei svært omstridt og skapte mykje debatt fordi den kunne sjå bort frå alle formar for debatt om islamisme som politisk ideologi.
Under ankesaka avviste pensjonisten skuldinga om at hans skulle ha håna ei befolkningsgruppe med innlegget sitt. Han understreka at han skreiv «ideologien islam» framfor berre «islam».
– Eg meiner at det er eit klart skilje mellom ideologien islam og religionen islam. Ideologien islam er den som ein ser praktisert av grupper som al-Qaida, Boko Haram og Den islamske staten, forklarte mannen i retten.
Østre Landsret slår fast at ideologisk overtyding ikkje er verna av den danske rasismeparagrafen, og frifant difor mannen.
– Føresegna gjeld ikkje hån av personar på grunn av deira ideologi. Difor kan han ikkje dømmast for sin kritikk av islamsk ideologi, understrekar retten i dommen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.