Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Styresmaktene åtvarar mot misbruk og falskneri og ber folk som har fått koronasertifikat, innstendig om ikkje å leggje ut bilete av det på internett.
anna.nesje@ntb.no/hallvard.ostrem@npk.no
Publisert: 10.06.2021 kl 17:29
Datatilsynet åtvarar sterkt mot på leggje ut bilete av koronapasset på til dømes sosiale medium, fordi informasjonen kan misbrukast og gjere det mogleg å produsere falske koronabevis, ifølgje Flysmart24.
På ein pressekonferanse onsdag poengterte også helseminister Bent Høie (H) risikoen for misbruk og forfalskingar ved at folk legg ut bilete av koronapassa sine på nettet – «på same måte som det ikkje er lurt å leggje ut bilete av pass, førarkort eller annan personsensitiv informasjon».
Den forbetra utgåva av koronasertifikatet viser mange personlege opplysningar. Ikkje berre namn og fødselsdato, men har òg ein QR-kode med detaljar om innehavaren.
– Generelt vil vi åtvare mot å publisere fødselsnummer og helseopplysningar på internett, då det opnar for misbruk av informasjonen. Eit koronasertifikat vil i mange tilfelle kunne innehalde helseopplysningar, til dømes om gjennomgått koronasjukdom, seier juridisk seniorrådgivar Susanne Lie i Datatilsynet til Flysmart24.
(©NPK)
Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPK