Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Datatilsynet er uroa over handteringa av personopplysningar i Facebook at Work og undersøkjer om norske kommunar og bedrifter bør bruke tenesta.
npk@npk.no
Publisert: 14.06.2016 kl 08:02
Dei siste vekene har ei rad av Noregs mest kjente verksemder kopla seg på Facebooks populære intranetteneste, deriblant Telenor, Elkjøp og Rema 1000, skriv Dagens Næringsliv.
Datatilsynet er hakket meir forsiktige og ser no nærare på behandlinga av personopplysningar i Facebook-systemet, som køyrer på dataserverar i Sverige og USA. Ei utfordring er at Facebook held på retten til å bruke opplysningane til eigne føremål.
«Dette kan vere produktutvikling av andre tenester i heile Facebook-konsernet, omfattande profilering av tilsette, utlevering av informasjon til tilpassa marknadsføring til tredjepartar et cetera. Datatilsynet er kort fortalt uroleg for om personopplysningar i Facebook at work blir behandla på ein legitim og forholdsmessig måte», skriv tilsynet i eit brev til Røros kommune.
Datatilsynet reknar med å vere ferdig med saksbehandlinga om eit par veker. Inntil då har direktør Bjørn Erik Thon dette rådet til arbeidstakarane:
– Dei bør sjekke med arbeidsgjevaren sin kva avtale som er inngått med Facebook. Dei bør sjekke om dei blir med i ein lukka infrastruktur, akkurat som eit heimesnikra intranett, eller om dei går rett inn i den store kverna til Facebook. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.