Klargjør siden...
Annonse

Dato for rettssaka mot Bernt Hulsker er fastsett

Datoen for rettssaka mot tidlegare fotballspelar og TV-profil Bernt Hulsker (44) er fastsett. Han skal møte i Oslo tingrett 5. oktober.

Det skriv TV 2.
Hulsker er tiltalt for hatefulle ytringar og omsynslaus åtferd mot ei dørvakt under ein fest på ein utestad i Oslo.
Ei dørvakt ved karaokebaren Syng Meir i Oslo sentrum melde Hulsker for hatefulle ytringar kvelden og natta 9. mars. Det var under ein fest med VGTV at Hulsker kom med krenkjande utsegner overfor dørvakta – mellom anna «jævla neger» og «hvordan kan du be en hvit mann om å gå ut» eller liknande, ifølgje tiltalevedtaket.
Då tiltalen vart kjend for ein månad sidan uttalte Hulskers forsvarar, advokat Bernt Birkeland, at han erkjenner straffskuld og ser fram til å leggje saka bak seg.
EMBED START Image Bernt Hulsker er tiltalt for hatefulle ytringar og omsynslaus åtferd mot ei dørvakt under ein fest på ein utestad i Oslo 9. mars. 5. oktober skal han møte i Oslo tingrett. Foto: Fredrik Hagen / NTB EMBED END Image(©NPK)

Annonse