Dei fleste G20-landa fordømmer krigen i Ukraina

«Dei fleste» G20-landa fordømmer i ei felles erklæring krigen i Ukraina. Alle er samde om at krigen skadar verdsøkonomien.

Uttalen er vedteken i samband med det to dagar lange toppmøtet i Indonesia.

Det har vore knytt spenning til om Kina kom til å stille seg bak ei fordømming av den russiske krigføringa.

I uttalen åtvarar leiarane også mot bruk av atomvåpen i krigen, og dessutan truslar om å bruke dei.

(©NPK)

Annonse