Annonse

Dei norske ishockeykvinnene rota bort tremålsleiing – tok likevel sin andre siger i VM

Noreg mista ei stor leiing, men slo Frankrike 4–3 etter straffar i den andre kampen i ishockey-VM 1. divisjon for kvinner måndag.

Karoline Pedersen, Ingrid Morset og Millie Rose Sirum sørgde for at Noreg leidde 3–0 allereie etter den første perioden, men så snudde det i arenaen i Klagenfurt. Mot slutten av periode nummer to fekk Frankrike inn to reduseringar der begge kom i overtal.

Dermed vart det spenning i den siste perioden, og to minutt før slutt utlikna Gabrielle de Sérres. Også det kom i overtal. Noreg sleit i overtalsspela sine og hadde i starten av tredje perioden to spelarar meir på isen i nesten to minutt, men noko utteljing vart det ikkje.

Då det ikkje vart noko mål i forlenginga, måtte kampen avgjerast på straffar. Straffekonkurransen drog ut, men til slutt gjekk Noreg sigrande ut med 5–4 etter at målvakt Ena Nystrøm redda forsøket frå Estelle Duvin.

Noreg slo vertsnasjonen Austerrike 3–2 søndag etter to mål frå Sirum og eitt frå Josefine Biseth Engmann.

Noreg møter Ungarn onsdag. Ungararane toppar tabellen etter å ha vunne begge dei første kampane sine, og dei står også utan baklengsmål. Noreg speler mot Nederland fredag og Sør-Korea laurdag.

Dei to beste laga rykkjer opp til elite-VM i Tsjekkia neste år. Det norske kvinnelaget har ikkje spelt toppdivisjonen i VM sidan 1997. Dei har ein sjetteplass som beste resultat frå 1990 og 1994.

Laget med minst poeng etter fire kampar rykkjer ned til gruppe B.

(©NPK)

Trenar André Lysenstøen og laget hans tok ein dramatisk siger i VM i Austerrike måndag. Foto: Annika Byrde / NTB