Dei raskaste parautøvarane i verda kjem saman i Bislett Games

Gullvinnarar frå Paralympics, verdsrekordhaldarar og verdsmeistrar på 100 meter samlast i Oslo under Bislett Games til duell for første gong.

Øvinga blir halden uavhengig av klassen dei til vanleg konkurrerer i.

Utøvarane har ei personleg bestenotering på 10.82 eller betre, og med utøvarar frå seks ulike klassar, er det for første gong moglegheit til å setje seks verdsrekordar i same heat, blir det opplyst i ei pressemelding.

Salum Kashafali, som tok gull på 100 meter i Paralympics i fjor, representerer Noreg i løpet, som blir kalla «The Race to Zero» 16. juni.

– Bislett Games er ein naturleg arena for a samle dei ypparste parautøvarane til eit unikt løp, der utøvarane får konkurrere og skine med etablerte stjerner som Jakob Ingebrigtsen, Armand Duplantis, Andre De Grasse og Keely Hodgkinson, for å nemne nokon, seier stemnesjef Steinar Hoen i Bislett Games.

(©NPK)

Salum Kashafali (27) sprang inn til gull og sette verdsrekord på 100 meter i Paralympics i fjor.
Foto: Torstein Bøe / NTB

Annonse