Annonse

Dei raudgrøne vil ikkje subsidiere bitcoin-produksjon

Både Ap, Sp og SV varslar at dei ønskjer å innføre full elavgift for datasenter som vinn ut kryptovaluta. Bransjen reagerer.

Dermed er det duka for omkamp dersom dei raudgrøne vinn valet, skriv Dagens Næringsliv.

I 2018 vart det same vedteke av Stortinget, men etter kraftige innvendingar frå bransjen, gjekk regjeringa tilbake på forslaget, som aldri vart innført.

Medan vanlege hushald, mange bedrifter og offentleg sektor betaler ei elavgift for 16,69 øre per kilowattime, har industrien ei redusert elavgift på rundt 0,55 øre per kilowattime. Denne gjeld òg for datasenter som vinn ut kryptovaluta, noko som krev store mengder straum.

Både SV, Sp og Ap varslar no at dei vil fjerne subsidieringa.

– Å bruke vår reine, norske kraft til eit utprega spekulasjonsobjekt som kryptovaluta er ikkje det vil skal prioritere, slår Aps Espen Barth Eide fast.

Leiar i IKT-Noreg Liv Freihow meiner det ikkje bør vere opp til politikarane å gi ulike rammevilkår til datasenter ut frå kva dei driv med.

– Det blir fort eit veldig subjektivt spørsmål, seier ho.

Kryptogründer Kjetil Hove Pettersen meiner fjerning av subsidieringa vil vere heilt øydeleggjande for datasenterindustrien og insentiva for at utanlandsk kapital kjem til Noreg.

(©NPK)

Illustrasjonsbilde: Bitcoin-appen på mobil. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK